Baker Hansen - Mandal Jazzklubb på Piren Kulturrom

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På «eige mål» kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss, som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut fire album med Chet på norsk, «Ei som deg» (2014), «Gamle Daga» (2016), «Live i Oslo med John Pål Inderberg» (2019) og "Ein song som liknar oss" (2024). Kombinasjonen av kjente melodiar i norsk språkdrakt, konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble fører til øyreopnande opplevingar langt utover den hardbarka jazz-lyttarkrinsen, og me har nådd ut til begeistra publikum over heile landet frå intime kafear til konserthus og store festivalar gjennom utstrakt turnéverksemd. Sigurd R. Tunestveit - vokal og gjendikting Erling Skorpen - trompet Kjetil Jerve - piano Stian Andersen - bass Tore Flatjord - trommer Konsertstart kl. 20 - døren åpner kl. 19

Baker Hansen - Mandal Jazzklubb på Piren Kulturrom

TypeMusikk

Hollendergata 1D, 4514, Mandal

Opening Times

Piren Kulturrom (23 Oct 2026)
DayTimes
Fredag19:00 - 22:00
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder