Brokke camping

På Brokke camping kan du droppe inn for ei natt eller to, eller du kan bestille heilårsplass. Sanitæranlegget er flott og moderne og det er tømestasjon for vogner og bubilar. Med verneområde SVR (Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane) som næraste nabo har du mange moglegheiter for å drive friluftsliv i eit stort og vakkert naturområde. I elva som renn ned mot Rysstad finn du kulpar med naturlege sklier som er fantastisk å bade i. Om vinteren er næraste nabo alpinsenteret og langrennsløypene, og du treng ikkje køyre dit. Det er berre å spenne på seg skia på campingen.






.
 

Brokke camping

TypeCampingplass

Brokke, 4747, Valle

Tel: 959 83 326

Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder