Bli med på ein tur med den vedfyrte dampbåten Bjoren frå 1866. Båten går i rute i sommarsesongen, og tar deg med på ein rundtur som varer i cirka 2,5 timar.
Start turen din frå Byglandsfjord eller Bygland. Dersom du har eit spesielt arrangement eller ønske, kan vi skreddarsy turar for grupper på opptil 50 personar.
Vedfyrt kaffe blir servert, og det er sal av kioskvarer. Vi har skjenkeløyve om bord.
For meir informasjon og bestilling, sjekk ut www.bjoren.no eller ring oss på 995 18 203.
Facilities
Sesong
- Sommer