Fjotland bygdemuseum ligg idyllisk like ved Fjotlandsvatnet nær Fjotland kyrkje, nord i Kvinesdal kommune.
Bygdemuseet har allsidige utstillingar. Museet starta opp i 2. etasje i den gamle Tingstova som i si tid har husa både skule, bank, kommunestyresal og eit lite husvære i andre etasje. Nå er det Fjotland Bygdemuseum som brukar heile bygget. I første etasje er det ei interessant utstilling om krigseglarar frå Fjotand og heile Kvinesdal. Elles er det samla inn meir enn 2500 gjenstandar frå Fjotland og bygdene rundt.
På museet finn ein også fleire gjenstandar som viser den rike rosemålartradisjonen i Fjotland. Det var eit stort og aktivt miljø frå ca 1780-1850. Mest kjende er nok Guttorm P. Eftestøl og Tore Asbjørnsen Risøen. Bygda har elles rike handverkstradisjonar som også er tydeleg på museet.
Bak Tingstova er det innreia ein landhandel slik den kan ha sett ut på 70- eller tidleg 80-tal. Like ved ligg Kvenåsen skulehus som blei flytta til museet i 1999.
På odden bort forbi museet, ble det i 1997 oppført eit gamalt våningshus frå Åmland. Rundt våningshuset har det seinare kome ei 1600-tals bu frå Stakkeland, laftet løe og flor, uteløe, smie og scene.
Siste sundagen i juni går Fjotlandsdagen av stabelen. Dette er ein kulturdag for heile familien med aktivitetar, utstillingar og konsert. Museet er ope kvar sundag fra juli og til midten av august fra 12-16.