
Gunvor Vaule har flytta verksemda si frå Sandå til Høgvollvegen 11 i overkant av Åmli sentrum.
Der er eit rom i låven gjort om til verkstad for glasproduksjon, medan den tidlegare stallen og gangen utanfor er blitt eit lite galleri.
Her vert det synt og seld bruks- og pyntegjenstandar og smykke av glas, samt eigne måleri og foto.
Sesongen 2024 vil det ikkje bli annonsert faste åpningstider. Men ved å fylgje med på FB eller å ta kontakt på telefon eller melding, kan vi enkelt lage ein avtale. Det er også mogleg å kome inn i verkstaden og få innblikk i arbeidsprosessen.