Bilde av Sølvgarden hotell en vinterkveld

Velkomen til vår velsmakande jolebuffet med alt av tradisjonell norsk jolemat og med tillegg av vår særeigne jolemat med bl.a. fjellaure, nepespa og heimebaka lefse. Riskrem og moltekrem er sjølvsagt på dessertbordet!

E-76 speler opp til dans! E-76 frå Vinje og Midt-Telemark har sidan starten i 1991 vore eit av dei mest markante banda innan køntrirock på dialekt. Med ein unik kombinasjon av drivande gitarar, gode historier og fengande refreng har dei treft publikum i over tre tiår – og stadig vunne nye fans.
Bandet er kjent for å skape ekte feststemning, der låtar som Dån Johan, Asfaltcowboy, Ingen som kjem til meg i kveld og Sauekjøt har blitt reine allsangklassikarar.
E-76 stoppar likevel ikkje der. Med den ferske singelen To kråker viser dei at dei framleis har mykje å by på – ei vakker og humoristisk forteljing om liv, kjærleik og nye sjansar, som garantert vil finne sin plass i hjarta til publikum.

Antrekk: Pent
Aldersgrense: 18 år
Reserver plass på tlf. 37 93 61 30 eller mail til post@solvgarden.no
Les meir her

Jolebord og dans med E-76

TypeMat

Setesdalsvegen 3214, 4748, Rysstad

Tel: 37936130

Opening Times

Sølvgarden Hotell & Feriesenter (13 Dec 2025)
DayTimes
Lørdag18:00
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder