Juvassdammen

Juvassdammen stod ferdig i 1958 og er 46 meter høg. På det tidspunktet skal han ha vore den høgaste dammen i sitt slag (kombinasjon bue og plate) i Nord-Europa. Magasinet kan ta heile 142 millionar kubikkmeter vatn. Frå demninga har du ei fantastisk utsikt. Går du over demninga, er det ein flott tur inn til Juvasstøl. Stien, som går langs vatnet, er ikkje merka, men er lett å følgje. Køyreturen opp byr på mange flotte naturopplevingar, og det er framkomeleg mesteparten av året. Vinterstid kan det vera utfordrande på grunn av snø og glatte vegar. 

Juvassdammen

TypeModerne arkitektur

4540, Åseral
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder