Ensemblelet fra fakultet for kunstfag ved UiA under ledelse av professor Cordula Hacke.
Siste konsert i serien Nordiske toner i jubileumsåret 2025
Klassisk Flekkefjord rundar av konsertserien «Nordiske toner» med eit spanande møte mellom unge talent og klassiske meisterverk. Sju musikkstudentar frå Universitetet i Agder står på scena i Spira under leiing av professor Cordula Hacke.
Publikum får høyra verk av Christian Sinding, Edvard Grieg og Arvo Pärt, framført på fløyte, fiolin og piano – instrument som gir rom for både nordisk klangvarme og moderne minimalisme.
Cordula Hacke er professor ved Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk ved UiA. Ho har ei omfattande internasjonal karriere innan kammermusikk, både instrumental og vokal, og samarbeider jamleg med musikarar frå fleire av verdas leiande orkester.
Gjennom samarbeidet mellom Klassisk Flekkefjord og Universitetet i Agder får unge musikarar høve til å møta eit ekte konsertpublikum utanfor eigen institusjon. Målet er å gi studentane verdifull erfaring som utøvande kunstnarar – og samtidig tilby publikum ein konsertoppleving av høg kvalitet.
Dette vert ei stemningsfull avslutning på konsertserien Nordiske toner i jubileumsåret 2025 – ei feiring av det nordiske tonespråket, formidla av framtidas klassiske musikarar.
Velkomen til Spira torsdag 13. november – til ein kveld med ung energi og nordisk klang!



