Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å
utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å
setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger
så å seia. Og musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. La oss kalla det
verdsarvjazz sidan mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk
folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvintetten presenterer musikk frå ei lang rekke av
hans mange album-utgjevingar der kritikar-roste Mytevegar, Nunatak, Ossicles og
Nordic Balm står sentralt. Eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel,
bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakkert
energisk, poetisk nordisk tøtsj.
Karl Seglem - tenorsax, bukkehorn, poesi/stemme
Erlend Viken - feler, vokal, stemme
Hallvard Gaardløs - bass, stemme
Kåre Opheim - trommer, stemme
Prices
| Ticket Type | Ticket Tariff |
|---|---|
| Voksen | NOK 290,00 billetter |
| Medlem | NOK 160,00 billetter |
| Student | NOK 55,00 billetter |
Note: Prices are a guide only and may change on a daily basis.



