
Ved Alf Kjetil Igland.
Magnhild Hagelia (1904-96) fra Gjertstad, braut mange barrierar. Mest merksemd fekk ho 9. februar 1962 då ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga, i Lagtinget, men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stortinget og den første kvinna i landet til å stå øvst på ei valliste. På Stortinget (1950-65) kjempa ho for kvinners rettar og arbeidde mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. På 1950-talet bygde ho hus i Fjære. Etter stortingsåra engasjerte ho seg i lokalpolitikken i Grimstad medan ho skjøtta arbeidet hos Fylkesrevisoren. I pensjoniståra arbeidde ho mykje med lokalhistorie. Ho blei ein skatta føredragshaldar og kåsør på tvers av alle skilleliner.
Alf Kjetil Igland er fødd i Fjære i 1949 og utdanna filolog med norsk hovudfag og engelsk og journalistikk i fagkrinsen. Han har hatt ei rad stillingar og verv i media og akademia, sist ved Universitetet i Agder, som han framleis er knytt til som forskar og sakprosaforfattar.
Prices
Ticket Type | Ticket Tariff |
---|---|
Gratis | Free |
Note: Prices are a guide only and may change on a daily basis.