Melancholia II og I
Av Jon Fosse
Scenetekst av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist
Mysteriet rundt sjukdomen og skaparkrafta til landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) er kjernen i Jon Fosse sine to Melancholia-romanar – og i Ymist si omfattande framsyning Melancholia II og I.
Framsyninga utforskar oppløysinga av sinnet, skiftingane mellom håp og fortviling, kjærleikskraft og eksistensiell einsemd. Ho utforskar tapet av kontroll over kroppen og vegen inn i døden. Romanteksten blir løfta frå boksida og inn i scenerommet, der han strøymer gjennom skodespelarkroppane.
Det suggererande og til tider ugjennomtrengelege språket til Fosse får scenisk form i eit stort, heilskapleg kunstverk, der den talande og koreograferte kroppen står side om side med musikk, scenografi og lysdesign.
Lars Hertervig prøvde å fange lyset i bileta sine. Han meinte sjølv at den stadige stiringa på landskap i solskin – og mangelen på gode fargar – var årsaka til at han blei psykotisk.
«Eg skal male ditt bilete bort», gjentek han. I denne setninga ligg både ei øydeleggjande og ei livgjevande drift – eit mørker og eit lys. Det er i dette spennet framsyninga navigerer.
Ymist snur på Fosse sin kronologi:
Først møter vi Lars gjennom minna til systera Oline. Deretter gjennom forfattaren Vidme, som har bestemt seg for å byrje på ein roman om Lars Hertervig. Til slutt blir publikum kasta inn i Lars sine eigne kvernande tankar og akselererande psykose.
Medverkande
Melancholia I
Erlend Samnøen – regi og koreografi
Morten Espeland – utøvar
Huy Le Vo – utøvar
Ine Marie Wilmann – utøvar
Oda Radoor – dramatisering og dramaturg
Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign
Nils Jakob Langvik – komponist
Kjersti Alm Eriksen – scenografi og kostyme
Daria Zarbeeva – teknikar
Billie Barker – produsent
Melancholia I er støtta av Norsk kulturråd, Fond for utøvande kunstnarar og Fritt Ord.
Melancholia II
Morten Espeland – utøvar
Gaute Storsve – komponist
Maja Nilsen – scenografi og kostyme
Oda Radoor – dramatisering og dramaturg
Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign
Erlend Samnøen – regi og koreografi
Melancholia II er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou Scene, Fond for utøvande kunstnarar, Bergesenstiftelsen, Fritt Ord, Oslo kommune og Hordaland fylkeskommune.
Om Ymist
Ymist er eit norsk scenekunstkompani skipa i 2014 av skodespelar Morten Espeland og koreograf og regissør Erlend Samnøen. Kompaniet arbeider i skjeringspunktet mellom teater, dans og performance, og er særleg kjend for eit scenisk uttrykk der koreografert rørsle er like viktig som den talte teksten.
Ymist tek ofte utgangspunkt i litterære tekstar som ikkje er skrivne for scena, mellom anna verk av Jon Fosse, Tarjei Vesaas og Thomas Mann. Målet er å gje litteraturen kropp og utforske teksten sin materialitet gjennom skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk. Kompaniet har markert seg på scener som Black Box teater, Tou Scene og Cornerteateret, og har mottatt kritikarros for arbeidet sitt.



