Melancholia II

Melancholia II
Av Jon Fosse
Dramatisert av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist

Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka frå kaien og opp til huset sitt – med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do.
Oline skal døy i dag.

Framsyninga handlar om det fundamentale i menneskelivet: om skam og verdigheit, kjærleik og død. Det er ei sår historie om det å høyre saman med nokon, om kroppsleg og mentalt forfall – og om det vakre i det fråstøytande.

Jon Fosse skriv frå innsida av tankestraumen til Oline, frå innsida av den skrøpelege kroppen. Ein kan kjenne korleis beina hennar verker, og skamma over ikkje å ha kontroll på eigne kroppsfunksjonar. Samstundes kjenner ein varmen og lyset i minna ho har om broren – landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) – som ho aldri heilt forstod, eller kanskje ikkje heilt våga å forstå.

Romanen er eit trippelportrett: Av Oline, av Lars – og av skrivaren sjølv. Gjennom rytmen og pusten i teksten gir forfattaren seg til kjenne. I framsyninga forsøker skodespelaren å gestalte denne språkrytmen gjennom eit gjennomkoreografert fysisk språk: Skodespelaren ser på skrivaren, som ser på Oline, som igjen ser på broren Lars.

Melancholia II

Morten Espeland – utøvar
Gaute Storsve – komponist
Maja Nilsen – scenografi og kostyme
Oda Radoor – dramatisering og dramaturg
Ingeborg Staxrud Olerud – ljosdesign
Erlend Samnøen – regi og koreografi

Om Ymist
Ymist er eit norsk scenekunstkompani skipa i 2014 av skodespelar Morten Espeland og koreograf og regissør Erlend Samnøen. Kompaniet arbeider i skjeringspunktet mellom teater, dans og performance, og er særleg kjend for eit scenisk uttrykk der koreografert rørsle er like viktig som den talte teksten.
Ymist tek ofte utgangspunkt i litterære tekstar som ikkje er skrivne for scena, mellom anna verk av Jon Fosse, Tarjei Vesaas og Thomas Mann. Målet er å gje litteraturen kropp og utforske teksten sin materialitet gjennom skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk. Kompaniet har markert seg på scener som Black Box teater, Tou Scene og Cornerteateret, og har mottatt kritikarros for arbeidet sitt.

Melancholia II er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou Scene, Fond for utøvande kunstnarar, Bergesenstiftelsen, Fritt Ord, Oslo kommune og Hordaland fylkeskommune

Melancholia II

TypeTeater

Sjølystveien 2, 4610, Kristiansand

Opening Times

Kilden teater og konserthus Multisalen (27 Oct 2026)
DayTimes
Tirsdag12:00 - 13:50
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder