Opningskonsert: Livi e på så mang ein måti

Velkommen til vår opningskonsert for Landskappleiken 2026. Dette er vår største satsing på kulturprogrammet på årets Landskappleik og vi vonar mange vil møte opp for å få med seg denne gilde forestillinga.
Musikken fylgjer oss gjennom livet – i glede og sorg, kvardag og høgtid, gjennom barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Velkomen til ein opningskonsert med stort spenn og sterk livsnerve!

Her blir det både lyriske og friske nystev, kraftfulle gangarar og dans, inderlege salmar, underfundige dikt av Paal-Helge Haugen og mykje meir frå den UNESCO-lista folkemusikken i Setesdal.

Sigrid Kjetilsdotter Jore har regien og har samla ein heil stjernehimmel av lokale utøvarar frå heile Setesdal. Over 80 utøvarar i alle aldrar vil syne fram noko av det beste folkemusikken frå Setesdal – og livet – har å by på.

I ein eigen bolk leia av Kirsten Bråten Berg og Aasmund Nordstoga får publikum også bli betre kjende med materialet etter Svein Hovden, ein av dei verkeleg store tradisjonskjeldene frå Hovden.

Prices

Ticket TypeTicket Tariff
GratisFree

Note: Prices are a guide only and may change on a daily basis.

Opningskonsert: Livi e på så mang ein måti

TypeKonsert

Hovden, 4755, Bykle

Tel: 95103100

Opening Times

Hovudscena - Landskappleiken (24 Jun 2026)
DayTimes
Onsdag19:00 - 21:30
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder