
Gjennom nesten ti år som statsminister tidleg på 1900-tallet leia Knudsen Venstre og Norge. Vi kan i stor grad takke han for utviklinga av det velferdssamfunnet vi har i dag med gode sosiale ordningar og eit ordna arbeidsliv. Han innførte konsesjonslovene med heimfallsretten, åttetimarsdagen, og dei Castbergske barnelovene. Knudsens konsesjonslovgiving ga inspirasjon til organiseringa av Norge som oljenasjon. Han blei den første statsministeren som bare blei kalt med fornamn, Gunnar.
I Per E. Hems biografi Statsmannen Gunnar Knudsen får vi eit nyansert bilde av ein politiker med sterk vilje, eit godhjerta menneske som mange kunne takke for at dei fekk eit betre liv. Hem har tidligere blant anna skrevet kritikerroste biografiar om vår første utanriksminister, Jørgen Løvland, og om høyesterettsjustitiarius og Hjemmefrontens leiar Paal Berg.
Arr.: Arendal dialekt- og mållag, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.
Førehandssal av billettar på arendalbibliotek.no og sal ved inngang viss ledige billettar.