Silje og Sigrid Presenterer: Sudan Dudan

«Silje og Sigrid presenterer» har no etablera seg som ein heidundrandre heilaftan med åresal og folkemusikk i sentrum. Dei losar oss gjenom tradisjonsmusikk og urbane folketoner frå dei store byscenane, med mål om at fleire skal få augene opp for både folkemusikkmiljø og tradisjonsmusikk.
No: Sudan Dudan!

Bli med inn eit musikalsk univers der uro for samtid og framtid møter gamle mytar, gåter og forteljingar. Musikken veks fram i møtet mellom slåtterytmikk, gamle balladestrukturar og fri improvisasjon, med eit rikt mangfald av strenge- og rytmeinstrument. Danserytmane slyngjer seg lågmælt og meditativt gjennom lydlandskapet – enkelt og komplekst, varsamt og intenst på same tid.
Dette blir ei konsertoppleving som både rører, undrar og dreg publikum inn i eit tidlaust musikalsk rom.

Med Marit Karlberg, Anders Røyne, Hans Hulbækmo og Magnus Skavhaug Nergaard.
Konsertserien er støtta av Kulturdirektoratet, Agder Fylkeskommune, Folkorg, Valle Kommune og Valle sparebank.
Inngang: 250,-

Prices

Ticket TypeTicket Tariff
VoksenNOK 250,00 billetter

Note: Prices are a guide only and may change on a daily basis.

Silje og Sigrid Presenterer: Sudan Dudan

TypeKonsert

Setesdalsvegen 3214, 4748, Valle

Tel: 37936130

Opening Times

Sølvgarden (24 Oct 2026)
DayTimes
Lørdag20:00 - 23:00
Crimtan Placeholder
Crimtan Placeholder